Bedrift: Equinor

  • Stilling: Operasjons- og vedlikehaldsingeniør
  • Arbeidssted: Tjeldbergodden i Aure kommune
  • Uteksamineringsår: 2020
  • Hovedretning: Materialkjemi og energiteknologi
  • Hvordan fikk du jobben hos bedriften du jobber i, og hvor lenge har du jobbet der? Sidan Equinor er mykje profilert i offentlegheita, hadde tanken om ein jobb her surra rundt i bakhovudet heilt sidan studiestart, men det var ikkje før i fjerde klasse, då vi som tok faget korrosjon og korrosjonsbeskyttelse besøkte Equinor sitt forskningssenter på Rotvoll, at eg verkeleg begynte å vurdere Equinor. Eg deltok seinare på ein bedriftspresentasjon som HC arrangerte, og etter denne bestemte eg meg for å søke på ei graduatestilling innanfor material. Etter eit intervju og ein graduate-dag i Stavanger ville dei heldigvis ha meg med på laget, og eg starta jobben i august 2020.

Kan du kort beskrive bedriften? Equinor er eit internasjonalt olje- og energiselskap, med over 21000 tilsette i meir enn 30 land rundt om i verda, men med hovudkontor i Noreg. Tidlegare har hovudfokuset vårt vore på utvinning og raffinering av olje og gass for å forsyne Europa og verden med energi, men dei siste åra har vi også satsa stort innanfor fornybar energi, for å dra vår del av lasset mot ei grønnare framtid. I tillegg til dette har vi Europas største metanolanlegg på Tjeldbergodden, der eg jobbar. Her får vi inn naturgass frå Heidrun, som gjennomgår ein heil del kjemiske prosessar for å bli omdanna til syntesegass, og deretter til metanol. Sidan Equinor er involvert i så mange ulike ting, frå drifting og vedlikehald av eldre anlegg og plattformar, til utvikling og testing av ny teknologi for fornybare løysingar, kan ein støte borti ein heil del spennande problemstillingar og utfordringar, der kjemi-, prosess- og materialkompetanse er svært viktig!

Hvordan ser en typisk arbeidsdag ut for deg? Eg er tilsett som materialingeniør i den teknisk avdelinga her på Tjeldbergodden, og vår jobb er å sørge for den tekniske integriteten til anlegget. Dette betyr at eg både arbeider med langsiktige prosjekt for å forbetre eksisterande prosedyrer og løysingar, samtidig som at eg er med på å løyse utfordringar som dukkar opp i den daglege drifta av anlegget. For å gjere dette er eg avhengig av eit godt samarbeid med kollegaer, både på Tjeldbergodden og på andre lokasjonar, så det blir typisk ein del videomøter i løpet av ein arbeidsdag. I tillegg til dette tar eg gjerne turar ut i fabrikken for å sjå på dei aktuelle utfordringane "på ekte", og desse turane er kjekke avvekslingar frå kontorplassen!

Hva er det beste med jobben din? Det beste med jobben min er nok at eg har spennande og varierte arbeidsoppgåver, som gjer at ingen dag er akkurat lik den førre! I tillegg er arbeidsmiljøet her svært godt, med kollegaer som både er superdyktige og superhyggelege, og som alltid er opne for å slå av ein prat eller hjelpe til dersom eg lurer på noko. Det er også kult å kunne oppleve korleis eit prosessanlegg faktisk ser ut og fungerer i verkelegheita, og ikkje berre i lærebøkene.

Er det noe du skulle ønske du visste om arbeidslivet da du var student?  Eg skulle ønske eg var litt meir førebudd på at ting tar tid. Under arbeidet med masteroppgåva kunne eg kome med eit forslag om å gjere noko ein dag, og så faktisk gjennomføre det dagen etter, men i "det verkelege livet" må ein smøre seg med ein del meir tolmodigheit. I tillegg ville eg ha stressa mindre med retningsvalg og fagkombinasjonar, i det lange løp trur eg ikkje at dette har så mykje å seie - det viktigaste er å vere nysgjerrig og lærevillig!

Hvilke fag fra studiet opplever du som mest viktige/relevante for jobben du er i nå? No for tida jobbar eg mykje med korrosjon og korrosjonsstyring, så faget Korrosjon og Korrosjonsbeskyttelse har vore svært relevant for meg. Ellers er totalpakken med god forståing for materialtekonogi, saman med grunnleggande forståing for kjemi og kjemisk prosessteknologi svært nyttig i arbeidet mitt. Eg vil også slå eit lite slag for Eksperter i Team - i arbeidslivet må ein stadig vekk samarbeide med andre, og då er det veldig greit å kunne litt om korleis ein skal forholde seg til andre mennesker!


...